Sirkulasjonsmynt med spesialpreg

I 2004 var det 150 år sidan jernbanen var etablert i Noreg. Noregs Bank gav ut ein 20-krone sirkulasjonsmynt.
Det første offisielle toget gjekk på Norsk Hoved Jernbane frå Christiania til Eidsvoll i 1854. Åpninga av Hovedbanen var starten på ein revolusjon av transportsektoren i Noreg, omkring 50 år før dei første bilane begynte å rulla på norske vegar. 
I 2002 vart det 200 år sidan matematikaren Niels Henrik Abel vart født, og Noregs Bank gav ut ein 20- krone sirkulasjonsmynt. Niels Henrik Abel er ein av få norske vitskapsmenn som har vunne internasjonalt omdømme, trass i at han berre fekk leve i snaut 27 år.
Revers motiv: Eit utsnitt frå Abels arbeidsbok, saman med ”lemniskaten”; forma som eit liggande 8- tal. 
Avers 20 kr Millennium 2000. Reversen er utforma av Marit Wiklund.
Aversen viser reverssida av Håkon V Magnussons dobbeltsegl (våpensegl). Den norske løva erstattar her den tradisjonelle rytterfiguren i ei utforming som ligg til grunn for dagens norske riksvåpen.
700 års jubileum for Akershus Festning 1999. Festninga og middelalderborga slik ho var på 1300-tallet.
For å markera at det var 100 år sidan Fridtjof Nansen kom tilbake etter den tre år lange ferda over Polhavet med polarskipet ”Fram”, var det utmynta ein 5-krone minnemynt. 
Postverket 350 år 1997.
Ein postrytter etter ein elfenbenstatuett frå slutten av 1600-talet.
5 kr 1000 års norsk utmynting 1995.
Revers: Aversen av Olav Tryggvasons penning frå år 995, med symbolsk bilde av kongen med septer, og omskrifta +ONLAFREX NOR.
5 kr, 50 års jubileum for FN. Trygve Lie var første generalsekretær.

andre