Minnemynt

Minnemyntar i proofkvalitet og edelt medall for samlarar, ref. sentralbanklova §16.

Den 14. desember 1911, var Roald Amundsen den første som nådde Sørpolen. Denne 50 € gullmynten er utgjeve av Det Belgiske Myntverket. Aversen er formgjeve av Ingrid Austild Rise, reversen av Luc Luycx.
Norske minnemyntar: 200 kr 2009 i samband med at det var 150 år sidan Knut Hamsun vart født. Hamsun er ein av dei tre norske nobelprisvinnarane i litteratur, forfatterskapen hans har ein sterk plass i norsk og internasjonal litteratur. Avers IAR.
  • Det var utlyst til kunstnarkonkurranse for reversen som vart vunne av Enzo Finger. Reversen viser Hamsuns navnetrekk, notatar til verket Markens Grøde og forfattarens ansiktstrekk etter ei radering av Horst Janssen.  Motivet er utført på data av IAR.

  •                                                                     konkurransebidraget til Ingrid er her.

200 kr 2008, vart utgjeve i samband med 200-årsjubileet for Henrik Wergelands fødsel i 2008. Avers IAR.
  • Det var også her utlyst til kunstnarkonkurranse for reversmotivet, der Enzo Finger var vinnaren. Dei samanlagde brillene fortel om fortid, ei avslutning, slik også navnetrekket gjer. Brillesymbolet kan også lesast som talet ”200” og dermed vise til sjølve jubileet. Motivet er delt i to, der den eine delen illuderar eit bølgande papirark. Modellen er utført på data av IAR                                                                                   
konkurransebidraget mitt her:
200 kr 2011, Ski-VM og Norsk idrett 150 år.

Vinnar av konkurransen om utforming av reversane var Ina Viktoria Kristiansen.

Eg deltok også i denne konkurransen og sendte inn desse to forslaga. Det vart siste gongen eg deltok i konkurransar om myntmotiv.

                  

1500 kr 2000, Millennium.
Norges Bank: Yggdrasil, verdstreet i norrøn mytologi. ”Yggdrasil er ein ask som når over himmelen og breier greinene sine ut over heile verda. Ho er alltid grøn og ho regnar dogg ’som fell i dalar’. Yggdrasil har tre røter...”. Innimellom røtene: omskrifta TIDER SKAL KOMME, kunstnarens signatur mellom greinene på høgre sida.
Norsk myntutgjeving: 100 kr Millennium, avers.
Revers: Til venstre, del av ein trestamme med årringar som symbol på fortida. Til høgre for denne, ein blank nymåne som symboliserar tiden som kjem.
50 kr til minne om frigjeringa frå andre verdskrigen, 1995.
Revers: Ei ranke med lauv deler myntflata i to. I høgre felt ei fredsdue med lauvkvist i nebbet. Under motivet 1945-1995 / kunstnarens signatur, lAR. Nederst til venstre tre rader med piggtråd. (kjelde: Noregs Bank).
‍50 kr FN-jubileum. Avers med kongeportrettet er formgjeve av Nils Aas, reversen er formgjeve av IAR.
1500 kr, Sykkel-Vm 1993. Diameter: 27 mm. Vekt: 17,0 g Gullinnhald: 917/1000 Au (22 karat).
Revers: Sykkel-VM 1993, Noregs Bank lyste ut konkurranse om motiv til myntane; vinnarbidraget til gullmynten av IAR.
(IARs konkurransebidrag til 100 kr I, ikkje premiert).
(IARs forslag til 100 kr II,) 
Marek Sobozinski var definitivt ein verdig vinnar, han er også ansvarleg for Banesykling i same utgjevinga.
Det var utgjeve fire forskjellige gullmyntar og 12 forskjellige sølvmyntar i samband med Lillehammer-OL. Opplaget var maksimert til 1 994 000 mynter, av dei inntil 120 000 myntar i gull. Portrettet av Kong Harald er utforma av IAR.
Dei friske motiva på 50 kr revers er teikna av Tor Lindrupsen, modellert av IAR.

andre