Kronestykket

Valle Radio 2007

Kronestykket

 

av haugland @Onsdag, Apr. 11, 2007 - 23:51:35

Det vart eininnhaldsrik kveld i Valle radio i kveld. Mange grunnar til det, men eg liktegodt å prate med Ingrid Austlid Risefrå Det Norske Myntverket på Kongsberg om kronestykket. Ho fortalde omprosessen som førte til at motivet på Hylestadportalane no i ti år har vore påkronestykket.

Bakgrunnenvar at ein valde å ha to myntar med hol i når ein skulle ha ein ny myntserie iNoreg. Dermed måtte ein starte frå nytt med design, og ho hadde over 70 utkastsom var lagde fram for ein komite utan at det var semje om korleis det nye kronestykketskulle vere. Dei meinte at det skulle vere noko frå gammal tid, og så såg deigjennom skisseboka ho hadde og peika på skissa med basis i Hylestadportalane,som ho hadde sett på Historisk Museum. -Prøv å gjere noko med det, sa komiteen.

Og slik vartdet. 80 prosent kopar og 20 prosent nikkel, på Myntverket i Kongsberg har deiein maskin som lagar 600 myntar i minuttet, og kronestykket har etter kvartfått så liten verdi at det er stort svinn og dei lagar fleire millionar myntarkvart år, sjølv om ein mynt kan vare i 30 år.

Ingrid Austlid Rise fortalde ogom Sigurd Fåvnesbane og soga bak fuglen på kronestykket, om Sigurd som slikkablod og lærte å forstå kva fuglane sa. Ho meinte at portalane gav mange biletesom presten kunne bruke og fortalde og at soga finst i mange land og med mangevariasjonar.

Sidanfortalde ho om Det Norske Myntverket, som ikkje bare lagar myntar, men som ogsålagar medaljar av ulike slag i mange seriar og at det er mange som samlar pådette. Ho heldt i kveld på med ein medalje knytt til H. C. Andersen i ein seriedei har i Danmark. Medaljar er ikkje bare ei utmerking, men formidlar oftehistorie og kultur, og for formgjevaren er det ei oppgåve å sjå til at detteligg i motiva på medaljen.

Her er lenkatil Wikipedia sin artikkel om 1-krone (norsk mynt):
http://no.wikipedia.org/wiki/1-krone_(norsk_mynt)
Frå denne kan du leite litt rundt i myntverda eller gå til Hylestadportalane.Det er lenke både til Norges Bank og Hylestad kyrkje på sida.
http://www.dkm.no/default.asp?uid=43&CID=43
er ei side til Det Norske Myntverket med oversikt over myntserien vi nyttar idag.

andre